|
|
Høgskulen i Volda surfer seg til fleire søkjararSkulekritet og læraren si brune kordfløyelsbukse er bytta ut med våtdrakt og surfebrett i ein storstilt rekrutteringskampanje for lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
(22.01.2010)
Kampanjen med namnet ”Surf på dei fire beste åra i livet ditt” har som mål å auke søkjartalet til grunnskuleutdanninga i Volda med 30 prosent. Satsinga på rekruttering er den største og mest ambisiøse som har blitt gjennomført ved skulen nokon gong, og nye metodar er tekne i bruk for å lukkast.
Behovet for gode lærarar i skulen er skrikande og høg kompetanse på dette området er svært etterspurt. Likevel er talet på søkjarar til lærarutdanningane i distriktet for lavt. Dette ønskjer Høgskulen i Volda å gjere noko med. Da held det ikkje berre med ei skildring av tilbodet i ein studiekatalog. - Folk kan ikkje unngå å leggje merke til surfemannen i tida framover. Han vil fronte alt kampanjemateriell, dukke uventa opp ulike stader i landet og vere tilstades på utdanningsmesser i dei største byane, fortel leiar i rekrutteringskomiteen ved Høgskulen, Dag Atle Lee Eiksund.
|
|
I&M KOMMUNIKASJON AS | APOTEKERGATA 9A | 6004 ÅLESUND | TLF. + 47 70 11 58 00
|