Ny medarbeider hjå I&M frå nyttår

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (33) byrjar som rådgjevar hjå I&M Kommunikasjon AS i Ålesund. Her vil ho inngå i PR-teamet. (30.10.2008)

PR-teamet frå og med januar 2009: Rådgjevar Bjørn Vatne, PR-sjef Anette Bonnevie Wollebæk og rådgjevar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.- Eg gler meg til å bruke faget på ein ny måte! I ei tid der mediebedrifter slankar journaliststaben, vert det strålande å kome til ein ekspansiv bransje som satsar friskt. Å få arbeide med kommunikasjon og språk, særleg inn mot næringslivet, vert spennande. 

 

Rotevatn kjem frå stillinga som nyheitsredaktør i Kanal 24 og har tidlegare arbeidd fleire år i NRK på Marienlyst. Ho er utdanna journalist med støttefag i statsvitskap og nordisk språk frå Høgskulen i Volda og Universitetet i Oslo. Rotevatn har vunne fleire prisar, mellom dei Kringkastingsprisen.

 

- Vi er overtydde om at Audhild har mykje å tilføre oss og kundane våre. I tillegg til ein solid mediebakgrunn har ho opplevd å vere leiar i krisetider. Det er god ballast for ein kommunikasjonsrådgjevar, seier PR-sjef Anette Bonnevie Wollebæk hjå I&M.

 

Meir PR på Møre

I&M er eit kommunikasjonsbyrå som satsar på PR, reklame og merkevarebygging. Byrået vart etablert for 35 år sidan og har i dag 22 tilsette med kontor i sentrum av Ålesund.

 

- I&M har drive PR som ei lønsam attåtnæring i fleire år, med ein til to medarbeidarar. No vil vi satse breiare på dette området av kommunikasjonsfaget. Det er aukande etterpurnad etter PR-tenester i vår marknad i Møre og Romsdal, seier dagleg leiar Frode Færøy.

 

Rotevatn tek til i stillinga i januar 2009, og I&M sitt PR-team er då samansett av tre personar.

 

Kontaktinfo:

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, mob 90 84 39 77

Frode Færøy (dagleg leiar i I&M), frode@iogm.no, mob 47 82 88 84

Anette B. Wollebæk (PR-sjef i I&M), anette@iogm.no, mob 97 67 08 82

 

Last ned bilde: 

Portrett av Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Foto: Bjørn Vatne/I&Μ

I&M KOMMUNIKASJON AS | APOTEKERGATA 9A | 6004 ÅLESUND | TLF. + 47 70 11 58 00