|
| ||
Kommunane på Søre Sunnmøre med ny kampanjeHar du lyst til å utgjere ein forskjell og vere ein kvardagshelt? Då er du kanskje den rette for ei av de sju kommunane "på Søre".
(18.11.2008)
Det finst mange ulike og tøffe yrke innanfor den kommunale sektoren. Dessverre har ikkje alle har fått augo opp for moglegheitene som finst. Det ville kommunane på Søre Sunnmøre gjere noko med, og valte I&M Kommunikasjon som samarbeidspartner.
Den nye kanpanjen "Ein av dei" skal rekruttere ungdom til dei kommunale jobbane, og er spesielt retta inn mot yrkesmessa i slutten av november.
– Utfordringa vår har vore at kampanjen skal treffe ungdom mellom 15 og 25 år. Ein femtenåring og ein på 25 tenkjer ganske ulikt, seier konsulent Kåre Stig Nøstdal hjå I&M.
Stereotypar
I&M har undersøkt kva ungdom legg vekt på når dei skal velje yrke. Dei har også samla inn ungdommar sine assosiasjonar i forhold til kommunal sektor. Ein del har assosiasjonar som til dømes dårleg løn, lav status og hardt arbeid.
Les artikkelen i Vikebladet: | ||
|
I&M KOMMUNIKASJON AS | APOTEKERGATA 9A | 6004 ÅLESUND | TLF. + 47 70 11 58 00
|