Ein god grunn til å smile i Vanylven!

Vanylven kommunestyre gjorde i går eit samrøystes vedtak, og skriv på sine heimesider: ”Vi kan med stoltheit meddele at vi for fullt kjem til å marknadsføre oss med slagordet Vanylven - ein grunn til å smile.” (11.03.2009)

Tre av I&M sine medarbeidarar var til stades og held ei presentasjon på kommunestyremøtet i går – og la fram bakgrunnen for den strategien som er tilrådd for kommunen. Dei tre var rådgjevar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, kreativ leiar Per Paulsen og konsulent Kåre Stig Nøstdal. 

 

Kvifor auke marknadsføringa?
Vanylven kommune ynskjer seg fleire innbyggjarar. Kommunen skal vere ein vekstkommune,og i ei tid med auka sentralisering og urbanisering, har dei innsett at Vanylven konkurrerer med andre småkommunar om å tiltrekkje seg nye innbyggjarar og få utflyttarane heim.  

 

- Vi ynskjer å vere ein attraktiv og moderne kommune, som har tilboda og kvalitetane i kvardagen som innbyggjarar og tilflyttarar etterspør, heiter det i vedtaket frå kommunestyret 10. mars. 

 

Eit strategisk fundament
Arbeidet med Vanylvens nye kommunikasjon til omverda femnar om meir enn ein grafisk profil åleine og eit slagord åleine.

Grunnlaget og fundamentet er det som skal vere kommunens merkevarer. Forslaga til grafisk profil og slagord er leia ut frå dette, og er absolutt ikkje tilfeldig valt.

I&M KOMMUNIKASJON AS | APOTEKERGATA 9A | 6004 ÅLESUND | TLF. + 47 70 11 58 00