Kvinnene best på sosiale media

Tuesday, July 06, 2010 by Audhild

Stortingsrepresentantane frå Møre og Romsdal har ikkje fullt ut tatt i bruk sosiale media for å kommunisere med veljarane sine. Nokre har verkeleg knekt koden, nokre har ”meldt seg ut” etter valet, medan fleire på mørebenken må setjast på skulebenken. Vi kårar dei beste!

Sosiale media er kanskje det viktigaste som har skjedd i samspelet mellom politikarar og veljarar dei siste åra. Bloggar, Facebook og Twitter er dei viktigaste plattformene, der politikarane kan breie seg, by på seg sjølv, setje farge på politikken, få innspel og diskutere politikk med folk flest. For folk flest brukar i dag sosiale media. Då snakkar vi om fleire enn ungdommen. Aldri har avstanden mellom folk og folkevald vore mindre enn no. Å sende ein epost, ei twittermelding, ei facebookmelding eller skrive ein kommentar på blogg, gir unike muligheiter til dialog.

Om ein ser geografisk på det, må sunnmøringane skjerpe seg. Dei to beste soknar begge nord om Romsdalsfjorden. Og dei mest røynde politikarane på mørebenken, har mest å lære.

I september vurderte I&M alle kandidatane til stortingsvalet frå Møre og Romsdal, og deira bruk av sosiale media.

http://www.iogm.no/2009/8/28/botten-best-paa-sosiale-medier.aspx

No har trekvart år gått – kva har skjedd?

I&M kommunikasjon har vurdert mørebenken sin bruk av sosiale media. Du må gjerne bruke undersøkinga – dersom du siterer I&M. Vurderinga er gjort av Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, 1.juli 2010.

Følg meg på Twitter: @gregoriusdotter

 

Mørebenken:

 

clip_image001ARBEIDARPARTIET

clip_image002

Else May Botten, Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet:

http://www.elsemay.no/
Twitter: @elsemay


Else-May Botten har ikkje festa grepet om Twitter. 212 followers, berre ein ørliten oppgang sidan 120 i valkampen. Ho har twitterfeed på bloggen sin www.elsemay.no, men oppdaterer sjeldan, fleire månader i mellom kvar tweet. Då er vitsen med å vere på Twitter nesten borte.

Bloggen er også noko søvndyssande. Ho oppdaterer av og til, men det kan gå opp mot ein månad mellom kvar ny bloggpost. Mange av bloggpostane er handlar om positive vedtak frå regjeringa av typen ” Takk for Regjeringens offensive tiltakspakke til maritim næring!”. Det er vel og bra med ein ”heia-blogg”, og representanten er lojal mot parti og regjering. Det er lite dialog på bloggen og svært få kommentarar. Botten er lite personleg og byr lite på seg sjølv. Med eit unntak: den lokale saka i Borgund menigheit, der presten nekta å døype barnet til eit lesbisk par. Her er Botten personleg og engasjert og viser seg fram som ein politikar med sjølvstendige tankar. Tretten kommentarar på bloggen, og Botten svarar lesarane sine. Dette var bra, men dette var dessverre unntaket på ein statisk og kjedelig blogg.

Facebook har Botten lukka ”vegg”. Det vil seie at berre dei ho er venner med, og godkjenner, kan lese statusoppdateringane hennar. Ho har 1429 venner, så det kan tyde på at, om ikkje, alle, så mange som spør, får bli venner. For dei som er venner, ser ein at Botten er ein ganske aktiv Facebook-brukar.

DOM: Botten har dessverre ikkje klart å følgje opp det som teikna så bra i valkampen. Det hjelp så lite å vere på alle plattformer, når ein ikkje følgjer opp. Terningkast tre.

 

clip_image001[4]
Svein Gjelseth, Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Ingen blogg. Ikkje på Facebook. Ikkje på Twitter.
DOM: Stryk.

 

clip_image001[6]
Tove- Lise Torve, Stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet

http://mittarbeiderparti.no/-/user/show/200603_tove-lise-torve
Twitter: @tovelisetorve

Twitter: Tove- Lise Torve har skjønt Twitter. Ho har 407 followers, nesten tre gongar så mange som under valkampen. Ho byr på seg sjølv i twitringa, er aktiv og klarer å balansere forholdet mellom privatpersonen og politikaren. Det er tidvis morosamt å følgje med på twitterfeeden hennar. Beste tvitrar på Mørebenken.

Bloggen: Bloggen har framleis litt knotete layout, det er nok plattforma sin feil. Torve brukar bloggen, som partifelle Botten, til å skryte av regjeringa sin politikk. Det er sjølvsagt lov, men noko forutsigbart. Men ho skriv også blogginnlegg av typen ”100 år med kvinnelig politi i Norge”. Torve oppdaterer bloggen oftare enn partikollega Else-May Botten. Torve byr også på seg sjølv og fortel til dømes kva ho skal bruke ferien til.

Det er få som kommenterer på bloggen, men når det skjer, svarar Torve, som i ordskiftet om likeløn. Språket er friskt og lett, og lengda på innlegga er rett for formatet.

Facebook: Tove-Lise Torve no opna Facebook-profilen, og er oppe i 1216 venner. Det er ein stor auke sidan valkampen. Statusoppdateringane varierer frå det private ”skal på kino med Sondre og Solveig i kveld. Vi skal se The Twilight Saga: Eclipse. Gleder meg STORT!!” til det profesjonelle: ”for dere som er interessert i rusomsorg og narkotikapolitikk. Her finner dere Stoltenbergutvalgets rapport om NARKOTIKA som ble lagt fram i dag,” Ein open Facebook-profil er tillitsvekkjande for ein stortingsrepresentant.

DOM: dette var veldig bra. Tove-Lise Torve har forstått korleis sosiale media skal brukast.

Terningkast 5.

 

clip_image001[8] HØGRE

clip_image002[4]

Elisabeth Røbekk Nørve, Stortingsrepresentant for Høgre:

Nørve er ikkje på Facebook, har framleis ingen blogg og er ikkje på Twitter.

Dom: Stryk.

 

clip_image001[10]SENTERPARTIET

clip_image002[6]

Jenny Klinge, Stortingsrepresentant for Senterpartiet:

Blogg: http://jenny.origo.no/
Twitter: @jennyklinge

Twitter: Jenny Klinge har ikkje klart å følgje opp ein god start på Twitter. Ho er der, men særs ujamnt. Mykje at twitringa er lenka opp mot bloggen. Miksar privat og profesjonelt, men med ein så låg publiseringsfrekvens, er dette for svakt. Skuffande.

Bloggen: Kling er ein periode-bloggar. I juni har ho vore nokså aktiv, medan ho ikkje posta eit einaste innlegg i mai. Layouten er fin og ryddig og det er nokre få kommentarar på innlegga, som ho svarar på. Det er bra. Men aktiviteten på bloggen er for låg. Ho bloggar om både politikk og meir personlege ting, som livet som B-menneske. Ho gir av seg sjølv i innlegga, men som dialogforum, har ikkje ho lukkast med bloggen.

Facebook: Jenny Klinge har to Facebook-sider, ei som politikar-”fanside” og ein vanleg profil. Ho har 964 venner på sin vanlege profil og 73 som ”likar” politikarsida. Politikarsida er heilt statisk, der det ikkje ser ut til å skje noko som helst.

På den vanlege profilen sin er Klinge aktiv. Ho er stort sett personleg på Facebook, her er det relativt lite politikk: ”Eg elskar finvêr! Etter denne fimbulvinteren er sol og varme ekstra velkomne.

Dom: Har dessverre ikkje klart å følgje opp lovande takter frå valkampen. Brukar sosiale media altfor sporadisk. Terningkast: 3.

 

clip_image001[12]KRISTELEG FOLKEPARTI

clip_image002[8]

Rigmor Andersen Eide, stortingsrepresentant for KrF.

http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/blogg/artikkel?blogg=16410&p_document_id=6613
Twitter: @RigmorAEide

Facebook: Rigmor Andersen Eide er på Facebook, med open profil. Men det er vanskeleg å forstå kvifor ho har ein profil. Her er det nærast null bruk, ingen statusoppdateringar, berre ein og annan ”likar”, og at ho skriv ein kommentar på ei og anna arrangementside.

Blogg: Eide har ein blogg, og oppdaterte den sist i oktober i fjor. Bloggen har vore heilt daud sidan det.

Twitter: Eide har ein Twitterkonto. På sin første tweet skreiv ho: ”Nå har jeg akkurat fått meg en Twitter-konto. Det skal bli spennende å se om jeg blir en aktiv bruker eller...”
Konklusjonen vart ”nei”. Ho har 97 followers, og posta sist noko på Twitter i desember i fjor.

Konklusjon: Det hjelp så lite å ha profil og blogg og Twitterkono, når ein ikkje evnar eller prioriterer å bruke den. Terningkast: 1.

 

clip_image001[14]FRAMSTEGSPARTIET

clip_image002[10]

Harald Tom Nesvik, Stortingsrepresentant for Framstegspartiet.
Facebook: Harald Tom Nesvik har ikkje privat profil, men ei eiga politikar-tilhengjar-side. Den er det 489 personar som likar. Nesvik ser sjølv ut til å oppdatere denne sida. Det er bra. Innhaldet er stort sett politisk, og lite personleg. Han byr ikkje på seg sjølv, men har tidvis ein viss dialog med dei som skriv på sida.

Twitter: Sidan sist har Nesvik fått seg Twitter-konto. Den er nesten ikkje i bruk, med skarve 13 Tweets og har kun 40 followers. Tvitringa er politiske meiningar.

Harald Tom Nesvik har ingen blogg.

DOM: Nesvik er den mest aktive politikaren frå Møre og Romsdal, om ein ser på statistikken frå Stortinget, når det gjeld å stille spørsmål. Dessverre evnar han ikkje eller nedprioriterer å ha ein dialog i sosiale media med veljarane sine. Terningkast: 1.

clip_image003

Oskar Grimstad, Stortingsrepresentant for Framstegspartiet.

Facebook: Oskar Grimstad har sidan valet lukka den personlege Facebook-profilen sin. Han har 245 venner, men korleis han brukar Facebook blant vennene, er umogleg å vurdere.
Grimstad har også ei politikar-side på Facebook, som det verkar som han styrer sjølv. Denne er open, og 396 personar ”likar” denne. Han oppdaterer denne fleire gongar i veka, er personleg og byr på seg sjølv. Han skriv til dømes at han er ”må le til media som overfokuserer på bompengeresolusjonen på landsmøtet (…)” og at han gler seg til å reise til Svalbard i ferien. Grimstad svarer på innlegg på sida. Det er bra.

Twitter: Oskar Grimstad er ikkje på Twitter.

Blogg: Oskar Grimstad har ingen blogg.

Dom: Vart i stuss då profilen var lukka. Det kan ein ”tilgi” sidan han er så aktiv på politikarsida på Facebook. Han er fråverande på to av tre plattformer. Terningkast: 1.

clip_image004

Mette Hanekamhaug, Stortingsrepresentant for Framstegspartiet.
http://mettehane.blogspot.com/
Twitter: @hanekamhaug

Facebook: Mette Hanekamhaug sin personlege profil på Facebook er anten sletta, eller gjort ikkje søkbar sidan valet. Ho har imidlertid ein open politikar-profil, som 2036 likar, det er flest i Møre og Romsdal fylke blant politikarane. Ho er svært aktiv på sida og svarar på innlegg - også der ho får så øyrene flagrar. Ho lenkjer til bloggen sin. Hanekamhaug brukar Facebook-sida som eit dialogforum, veldig bra.

Blogg: Mette Hanekamhaug er ein aktiv bloggar og har fresha opp bloggen sin. Bloggen er politisk og handlar mest om sak og ein får samstundes eit visst bilete av henne som person. Ho har endå meir å gå på i å gje av seg sjølv. I blogginnlegget om heroin på resept deltek ho aktivt i diskusjonen som kjem i kommentatorfeltet. Det er akkurat slik ein skal bruke ein blogg. Beste bloggar på Mørebenken.

Twitter: Hanekamhaug er på Twitter og er i ferd med å knekke koden, Ho har 717 followers og har posta 354 tweets. Ho lenkjer aktivt, og brukar twitringa utelukkande politisk. Om ho skal treffe endå betre med Twitter som kanal, må ho gje meir rom til seg sjølv som person.

DOM: Dette er langt over snittet. Ho er på alle plattformene og har forstått kor viktig sosiale media er. Terningkast: 5.

VINNAR: Ei samla vurdering av alle tre plattformer.

Delt førsteplass mellom Tove-Lise Torve (Ap) Mette Hanekamhaug (FrP)

 

Les meir om kva politikarane seier etter dommen i  Sunnmørsposten

1 comment(s) for “Kvinnene best på sosiale media”

  1. payday loans Says:
    Thanks for such a great post and the review, I am totally impressed! Keep stuff like this coming.

Leave comment:


(not shown)


(optional - remember http://)