Botten best på sosiale medier

Friday, August 28, 2009 by Audhild

I&M Kommunikasjon har på oppdrag frå NRK, vurdert stortingskandidatane frå Møre og Romsdal, og deira bruk av sosiale medier. Vi har vurdert bruken av blogg, Facebook og Twitter.

arbeiderpartiet ARBEIDARPARTIET

elsemaybotten 

Else May Botten, 1.kandidat på Arbeiderpartiets liste:

Har blogg:

http://www.elsemay.no/

Ein ganske god blogg. Ryddig og fin layout, meir ein personblogg enn ein partiblogg. Kanskje litt hyppigare oppdateringar, litt kortare og litt meir personlege tekstar? Pluss for god lenking. Burde hatt meir foto. Har link til Flickr, men berre sju foto der. Alle verkar tatt av proffe. Trekk for det.

Lukka profil på Facebook. Trekk for det, men har ca 900 venner og er dermed aktiv, seier kanskje ja til alle som spør? Likevel passivt å ha lukka profil, når ein er 1. kandidat for Arbeidarpartiet og ikkje har gruppe/tilhengjarside på FB.

Er på twitter. Ikkje av dei mest aktive. Berre 120 followers. Litt nølande og famlande på twitter. Må ta eit krafttak dersom dette skal ha ein effekt. Bør tørre å vere meir personleg og litt mindre strigla.

DOM: Dette var bra. Er på alle plattformer. Meistrar dei ikkje heilt enno, utnyttar ikkje plattformene maksimalt. God blogg, blant dei beste i fylket. Med litt anstrengelse, gi litt meir av seg sjølv og større aktivitet, blir dette meir enn middels.

BOTTEN ER BEST PÅ SOSIALE MEDIER AV KANDIDATANE I MØRE OG ROMSDAL.

sveingjelseth
Svein Gjelseth,
Arbeiderpartiets 2.kandidat.

Ingen blogg. Ikkje på Facebook. Ikkje på Twitter.

Også heilt borte frå Arbeidarpartiet sine nettsider sentralt. Kun tre- fire setningar og eit frimerkebilete på AP sine lokale sider i Møre og Romsdal.

DOM: Stryk.

tovelisetorvr
Tove Lise Torve,
3.kandidat på Arbeiderpartiets liste:

http://mittarbeiderparti.no/-/user/show/200603_tove-lise-torve

Blogg på AP- sider.

Bloggen startar slik: ”Jeg er født og oppvokst på Sunndalsøra i Møre og Romsdal. Utdannet sykepleier. Gift og har tre sønner”.

Kjedeleg blogg, dårleg layout: Lite personlig. Stort pluss for at ho er aktiv og svarar i debattfelta.

Er på Facebook, med personleg, men lukka profil. Trekk for det. Har over 700 venner, det er bra, men lukka profil, er ekskluderande når du er stortingkandidat og ikkje har andre sider.

Er på twitter. Drøyt 160 followers, det er lite. Er personleg i twitringa, stort pluss for det. Legg ut videoar og lenkjer. Bra. Bør ta eit krafttak her.

DOM: Greit. I startgropa. Eit godt stykke igjen.

 høgre HØGRE

elisabethnørve 

Elisabeth Nørve, Høgres 1.kandidat.

Har ingen blogg og er ikkje på Facebook, ikkje på Twitter.

DOM: STRYKKARAKTER.

torgeirdahl 

Torgeir Dahl, 2.kandidat på Høgres liste:

http://www.torgeirdahl.no/site/main/news.php?page_id=18

Enkel og elegant layout. Lett å navigere. Lett å lese. Veldig bra.

Nesten ingen kommentarar på innlegga. Men fin aktivitet på gjesteboka

Saklig, ikkje veldig personleg, skriv ikkje om kvardagen. Med eit viktig unntak – han skriv om kreftsjukdomen. Tydeleg politisk bodskap. Dette er skrive av han sjølv. Pluss for det også.

Facebook: Har kampanjeside ”Torgeir Dahl på tinget” 132 medlemmer. Den er oppretta av andre. Han er heilt borte frå sida. Ikkje godt nok.

Ikkje på twitter.

DOM: Senior med god blogg. Beste blogg! Men framleis potensial til å verte endå betre.

Heiderleg omtale- beste senior!

hanken 

Svein- Helge Hanken, 3.kandidat, Høgre:

http://svein-helge.com/

Han har blogga i mange år. Det ser ein på arkivet. Likevel dårleg layout på sida. Ein personleg, meir enn ein politisk blogg. Bilete av heimbaka brød og tur i marka.

Får ikkje heilt tak på bloggen, kva vil han den skal vere? Ingen kommentarar i feltet.

Lukka Facebook-profil. Pluss open gruppeside ”Svein-Helge Hanken på Stortinget” med 229 medlemmer. Han er fråverande på den sida. Dårleg side.

Ikkje på Twitter.

KONKLUSJON: Skuffande. Særleg mtp alder. Skjerpings! Bør lære av partikollega Torbjørn Røe Isaksen.

senterpartiet SENTERPARTIET

jenny 

Jenny Klinge, 1.kandidat på Senterpartiets liste.

Blogg: http://jenny.origo.no/

Ein ganske bra blogg, men nokså uferdig! Den heiter ”Klinge på tinget”, artig. Saknar biografi, ”om meg”. Ein del debatt, ho er aktiv og svarar på spørsmål og diskuterer. Føler at ein vert kjend med kandidaten og det ho står for som politikar.

Lukka Facebook-profil.

Har fanside på Facebook, men med skarve 48 tilhengjarar.

Er på Twitter og har skjønt det. God mikroblogging. Litt personleg, litt politikk, fin miks. Få followers, men er ny i gamet. Er lovande!

DOM: Lovande, men uferdig og ikkje bra nok enno. Stort potensial. Best av MR-kandidatane på Twitter. Nest best i fylket samla sett.

 kalland

Ragnhild Aarflot Kalland, Senterpartiets 2.kandidat.

Facebook: open profil. Legg ut lenkjer og videoar og bilete. Balanserer fint mellom å vere privatperson og politikar i statusfeltet.

Ingen blogg. Ikkje på Twitter.

DOM: pluss for open profil på FB. Saknar dialogen.

krf KRISTELEG FOLKEPARTI

rigmoranderseneide 

Rigmor Andersen Eide, KrFs førstekandidat.

http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/blogg/artikkel?blogg=16410&p_document_id=6613

Har blogg. Når du trykker på CV- står der ingen verdas ting.

Har nokre få innlegg. Vert ikkje kjent med kandidaten. Har lenkje til Flickr, men der er det berre to partifoto.

Facebook: har fanside ”Rigmor Andersen Eide på Tinget! ”med få fans (48). Ingen dialog.

Open personleg profil, men ingen aktivitet. Ingen dialog. Heilt dødt.

Ikkje på Twitter.

DOM: altfor slapt. Ingen dialog. Prøvar ikkje skikkeleg. Så vidt over stryk.

steinarreiten 

Steinar Reiten, KrFs andrekandidat-

Har en eigen blogg på partiet si nettside.

http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/blogg/forside?blogg=16664

Blogg på nettsida til KrF. Tomt også her når ein trykkjer på CV. Ikkje veldig overbevisande. Kjedelig layout. Lite debatt, det vesle som er verkar som kjem frå partifolk. Kun debatten frå mai om tildelinga av FrittOrd-prisen fekk opp temperaturen.

Kjedelig side. Linken til Flickr er kun to partilogoar. Held ikkje.

Facebook: har gruppe, men den er LUKKA! Totalt misforstått og ekskluderande.

Har lukka personleg profil.

Ikkje på Twitter.

DOM: Held ikkje. Bra at han har blogg, men den må freshast opp. Saknar dialogforum.

SV-logo_medium SOSIALISTISK VENSTREPARTI

bjørnjacobsen 

Bjørn Jacobsen, SVs førstekandidat,

Lukka profil på Facebook, inga gruppe/kampanjeside.

Ikkje på Twitter.

DOM: Strykkarakter. Skuffande, særleg i og med at SV si kampanjeside www.oppavsofaen.no er best av alle partia.

venstre VENSTRE

leifhelgekongshaug 

Leif Helge Kongshaug, Venstres førstekandidat

Har kampanje/gruppe-side, somhan brukar nesten som ei personleg profil-side. Sjeldan oppdatert, kan gå veker mellom. Han skriv: Her "inne" har jeg et sterkt ønske om å komme nærmere dere som velgere. Er veldig interessert i hva slags saker dere er opptatt av - kanskje vi kan få til en fin dialog?”

Han er milelangt unna dette. Her er det verken dialog eller debatt.

Ikkje personleg profil på FB.

Ingen blogg.

Ikkje på Twitter.

DOM: Her trengst det kursing. Slepp unna stryk med eit naudskrik.

Frp FRAMSTEGSPARTIET

nesvik 

Harald Tom Nesvik, FRP 1. kandidat. (Leiar helse- og omsorgskomiteen på Stortinget i dag) Har ikkje eigen profil, men tilhengjarside på Facebook. Litt aktivitet, men ikkje mykje. Få bilete. To videoar frå FrP-TV som er over eit halvt år gamle. Verkar som det ikkje er han som har laga sida. Kun 363 tilhengjarar. Det er lite for ein så kjend politikar i Noregs nest største parti.

Ingen blogg, ikkje på Twitter.


DOM: Skuffande. Lite dialog. Hadde forventa blogg for FrPs 1.kandidat. Partiet for folks flest er ikkje der folk flest er, altså på Facebook

oskar 

Oskar Grimstad, FrP. 2.kandidat

Har open Facebook-profil, men med under 100 venner og liten aktivitet. Verkar som ei privat side, som ikkje er meint å profilere han som politikar. Mest familien som er innom. Kommenterer fotballkampar og ei og anna partimåling.

Ingen blogg, ikkje på Twitter.

DOM: slepp unna stryk berre fordi han har side. Held ikkje i 2009.

mettehanekamhaug 

Mette Hanekamhaug, 3.kandidat FrP.

Aktiv bloggar. Får godt inntrykk av kven ho er og kva ho gjer. Ingen debatt eller dialog.

Flink til ”output”. Kan med fordel rydde litt i bloggen, friske opplayouten, og stimulere til debatt. Få visuelle lenkjer til FrP.

http://mettehane.blogspot.com/

Facebook:

To kampanje/gruppesider. Begge er opne. Ho er aktiv og svarar. 244 tilhengjarar på ei av sidene. Legg ut mykje.

Har også personleg profil, den er lukka. Sidan Hanekamhaug har ei open profilside som politikar, slepp ho unna med at den personlege er lukka. Ho har skjønt korleis ein brukar FB.

Twitter: nei.

DOM: ganske bra, med potensial. Trekk for dårleg bloggdialog og fråver på twitter.

jongeorgdale 

Jon Georg Dale, 4.kandidat FrP:

På Facebook:

Gruppeside, som er open. 276 medlemmar. Ein del lenkjer og han skriv sjølv. Bra.

Personleg profil som er lukka. Burde ha vore open, men slepp unna slakt fordi han er aktiv på gruppesida.

Er på Twitter, men er heilt fersk og meistrar det ikkje enno. Ein god start.

Blogg: ”I mi verd, følg meg frå dag til dag”. Han lovar meir enn han kan halde. Kjedelig layout, som er nærast blank.

Fint å ha CV synleg.

Kun tre posta innlegg og eit dårleg foto.

http://origo.no/-/sandbox/show/254475_i-mi-verd

Dom: skuffande. Ung som han er og inne på tinget på siste måling, burde han ha gitt gass. Ingen dialog, famlande.

TOTALT kan vi seie at ingen får terningkast seks. Det verkar som kandidatane ikkje forstår at folk flest brukar sosiale medier og at dette kan vere ein vippefaktor i valkampen. Sosiale medier er demokratifremjande. Her kan alle delta i debatten og stille spørsmål direkte (utan redaksjonelle filter), til alle døgnets tider, uavhengig av mellom anna mobilitet og geografi. Men det hjelp lite å vere ”tilgjengeleg” som politikar, dersom ein ikkje deltar og er aktiv. Ein statisk blogg eller FB-side som aldri vert oppdatert er lite verdt.

Ein god blogg har ein tydeleg avsendar, ryddig layout, presenterer kandidaten, presenterer politikken og standpunkta, har gode debattforum/gjestebok, lenkjer til meirinformasjon, er ein god møteplass for diskusjon, har tydelege kontaktdetaljar, lesaren vert kjend med personen, ikkje berre politikaren. Bruk av bilete/video og lyd tel positivt. Her skal det vere noko både for den sikre veljaren, men også for den som er på leit.

PALLEN: Ei samla vurdering av alle tre plattformer.

  1. Else-May Botten, Arbeidarpartiet.
  2. Jenny Klinge, Senterpartiet
  3. Mette Hanekamhaug, Framstegspartiet.

Heiderleg omtale til Torgeir Dahl i Høgre. Beste senior, beste blogg.

Kun kvinner på pallen, der altså! Gutta må på kurs.

 

Vurdert av Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, I&M Kommunikasjon.

2 comment(s) for “Botten best på sosiale medier”

  1. Adnan Afzal Says:
    Hei,

    Mette Hanekamhaug er på twittwer hun. (hvertfall nå)

  2. Vegar BOTN Says:
    Der fikk jeg kaffen i halsen gitt.

    Alltid hyggelig med anerkjennelse, spesielt fra konkurrenter :-)

    Nå trenger jeg et nytt, kaffefritt tastatur...

    -Vegar Botn, rådgiver på TIBE (-best på sosiale medier?)

Leave comment:


(not shown)


(optional - remember http://)