Min er større enn din!

Friday, July 03, 2009 by Anette

Nokre nyheiter er så store og viktige at pressa kranglar om kven som var størst, best og først. Dødsfallet til superstjerna Michael Jackson er eit slikt døme. Alt frå små lokalaviser til dei store, internasjonale fjernsynskanalane, brukar både tid og ressursar på ei slik nyheit. Nyheita er klassisk: den angår mange, den er emosjonell, sensasjonell. Alle kjenner Michael Jackson. Og alle kjenner nokon som er så engasjert i superstjerna at dei gret sine modige tårer medan dei lytta til ”Heal the world”.

Kranglinga ”min er større enn din” har inntatt andedammen heime. Dagsrevyen og TV 2-nyheitene vil begge vere størst og best.

Dette handlar om kven publikum vender seg til i store saker. Dette er ein posisjon NRK har hatt i mange år og er slett ingen bagatell, sjølv om krangelen mellom NRKs Jon Gelius og TV 2s Jan Ove Årsæther, minner om to smågutar i sandkassa. Det å vere førstevalet til majoriteten til innbyggjarane i Noreg, er viktig. TV 2 har ein eigen kanal som berre sender nyheiter, heile dagen. Dette har NRK også hatt, men det vart teke av lufta. NRK serverer difor nyheitene i komprimerte sendingar. Korleis skal ein då måle dette? TV 2 synest NRK er stusseleg med sin Dagsrevy, medan NRK meiner TV 2 Nyheitskanalen hadde færre sjåarar enn eit gjennomsnittleg menigheitsblad har lesarar.

Kampen om publikum er hardare enn nokon gong. Fjernsynet konkurrerer ikkje berre med kvarandre, men også med andre kanalar, ikkje minst nye medier.

For publikum er det imidlertid strålande å kunne velje. Anten å droppe innom TV 2 Nyheitskanalen i løpet av dagen (eller for superfansen, å sjå nyheiter om Michael Jackson heile dagen) – eller vente til ei komprimert nyheitssending på kvelden, anten det er Dagsrevyen eller TV 2-nyheitene.

(Denne bloggposten er skrevet av Audhild, men publisert av Anette, fordi Audhild har fått ny PC, og dessuten egentlig tatt ferie :)

0 comment(s) for “Min er større enn din!”

    Leave comment:


    (not shown)


    (optional - remember http://)