Siv Jensen vil tekkast alle. Først skal ho halde støtteapell for Israel og så gå rett i fakkeltog til støtte for ofra i Gaza-krigen. Formannen i Framstegspartiet gjer ein klassisk feil ved å freiste å ride to hestar samstundes. Det er det nemleg berre sirkusartistar som kan. Og det er Jensen neppe.
Kan helde er Siv Jensen vorte for redd for å bli assosiert med ein reinspikka Israelsven. Ho leiar trass alt Noregs største parti, og dermed har no nok både israels- og palestinavener mellom veljarane sine. Tradisjonelt sett har FrP, saman med KrF vore eit sikkert parti for Israel-sympatisørar. Nett som veljarane til raudare parti har brukt palestinaskjef.
Siv Jensen risikerer no å ikkje verte teken seriøst i Midtausten- spørsmålet. Valforskar Frank Aarebrot meiner at Jensen kan tape på å flagge Israels-støtta for tydeleg. På den andre side kan Jensen kapre veljarar frå KrF som er meir kritiske enn på lenge.
Spørsmålet er kva Siv Jensen aktar å gjere frå talarstolen dersom palestinaaktivistar dukkar opp under støtteappellen. På søndag førte ein demonstrajon ved den israelske ambassanden i Oslo til steinkasting og fyrverkeri mot politiet, som svara med tåregass.
Ein kan ikkje vere samd med alle. Og når ein leiar Noregs største parti, er det sikkert ikkje dumt å vere tydeleg.Tydeligheit brukar Siv Jensen å ha ein god porsjon av. Men kva meiner Siv Jensen om krigen i Gaza? Det bør ho snarast fortelje dersom ho skal ha truverdigheit att.