Nye tider

Monday, January 05, 2009 by Audhild

Eg trur ikkje på nyttårsforsett. Men det går an å starte året med å lære seg noko nytt. Med andre ord er du no vitne til vaksenopplæring.

Underteikna har i dag starta i ny jobb, i ny bransje og er i ferd med å forfatte sitt fyrste blogginnlegg. Skammeleg seint, men det er betre seint enn aldri, som dei seier. Nokre av oss skifter jobb fordi vi har lyst til å lære noko nytt. Usikre tider i verdsøkonomien gjer også at ein del skifter jobb fordi dei må. Om utgangspunktet er annleis, er det reint praktisk ganske likt. Litt fyrste skuledag-aktig.

Nye fjes og ny stol og halloheidrikkdukaffimedmjølkellertekduhansvart, og var det han Per eller var det Ola, og kven kan skru på datamaskinen og er dette ein arbeidsplass der det er lov å nynne når ein jobbar? No skal ein finne sin plass.  Knekke kvardagskoden i arbeidslivet. Ei ny tid, med ny kunnskap og ny lærdom.  Hit eit steg og dit eit steg. Heldigvis lærer ein så lenge ein lever.

3 comment(s) for “Nye tider”

  1. per Says:
    Det var per:-)) og i hele 2009 skal han si "hei solstråle"

    Lærer noe nytt hverdag vi som har vært her en stund også:-)


  2. Ola Says:
    Velkommen til oss da du.
  3. Bjørn Says:
    Ja: Nynn, Audhild, nynn!

Leave comment:


(not shown)


(optional - remember http://)