Det var ein gong ein pizza med paprikabitar. Men no har forbrukarane kome seg inn i produksjonslokalet til Stabburet og folkepizzaen pizza Grandiosa.
Ordet reklame kjem frå latin reclamare som tyder "å rope om igjen og om igjen". Fram til no har produsentar av ymse varer kunne sendt ut bodskapen sin til forbrukarane gjennom ulike massemedier- og primært berre ein veg. Forbrukarar som hadde noko på hjarta, kunne alltids skrive eit brev. Ta ein telefon. Lage underskriftskampanjer. Eller arrangere eit heilt demonstrasjonstog. Men det skulle litt til. Ein lagar ikkje eit demonstrasjonstog for å få vekk paprikabitane på ein pizza.
Men tidene har endra seg. Berre bruken av e-post har revolusjonert potensialet for kommunikasjonen mellom forbrukar og produsent. Men det vart ikkje dreis på sakene før nettsamfunna poppa opp.
Grupper og aksjonar gjennom facebook og elektroniske underskriftkampanjer har skapt ei ny forbrukarmakt. Her kan kvensomhelst som har noko på hjartet, eller har noko dei vil endre, ta grep- og det krev ikkje store innsatsen for å få dreis på sakene. Sjølv har eg blitt invitert av fleire til å melde meg inn i gruppa "Grandiosa uten paprika”. Eg har aldri utvist eit særleg engasjement på pizzafronten, men men når eg tenkjer meg om, høyrer også eg til "paprikapirkarane", eg likar nemleg best fersk og rå paprika, og plukkar av bitane på Grandiosaen.
No har folkeaksjonen mot paprika nådd produksjonslokala til Stabburet på Stranda. I Sunnmørsposten kan vi lese at Stabburet tek vekk paprikaen som eit prøveprosjekt fram til 1.mai. Stabburet vedgår at dei i fleire år har motteke førespurnader frå folk som slit med paprika. Men ikkje før dei nye mediene vart teken i bruk av forbrukarane, vart dei høyrde.
Kommunikasjon handlar som kjent om å både sende og motta. Med andre ord, ikkje berre snakke, men også lytte. Bedrifter og produsentar som tradisjonelt sett har pøst ut einsidig og einvegs reklame, kan raskt havne i bakevja i 2009. Forbrukarane har vakna for alvor - og dei har kraftige røyster.